Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Vestlandet byr på fantastisk natur og rikt dyreliv. I denne boka tek vi deg med på ei reise gjennom dette landskapet med fokus på jakt og fiske i dei fire årstidene.
Hjortejakt i Måren, harejakt i Gloppen, revejakt på Voss, gåsejakt på Karmøy, laksefiske i Lærdal og seljakt i Sognefjorden er nokre av opplevingane vi får vere med på. Over 30 stopp, der vi møter både einslege jegerar, jaktlag og fiskarar. Og det er ikkje alltid byttet er det viktigaste. Som Anders Skjelde seier: Vi får trøyste oss med at vi ikkje lever av, men for fjellrypejakta.
Alle reportasjane er rikt illustrerte, med om lag 150 foto. Det er fyldige faktaboksar, nyttige tips, statistikkar og rekordar. Ei bok både til inspirasjon og praktisk bruk.
Atle Skjelde (f. 1965) frå Voss er cand. mag. i natur og miljøforvaltning frå Høgskulen i Telemark/Universitetet i Bergen. Han er fast medarbeidar i bladet Jakt & Fiske og har gjennom mange år skrive reportasjar for Villmarksliv, Jakt, Alt om Fiske. Vi Menn m. fl. Han har også levert tekst og bilete til mange bøker om jakt og fiske.
Førpris: kr 398,-
Utgitt 2010
208 sider, innbunden
«Jakt og fiske på Vestlandet» er på lager
Pris: kr. 98,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Er sogningane hakkande galne, sunnfjordingane tilsvarande trege og nordfjordingane midt i mellom?
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no