Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Nikka Vonen (1836-1933) frå Dale i Sunnfjord var ein markant kulturperson i Fjaler i nesten hundre år, og sette spor etter seg på mange felt.
Ho var ivrig folkeminnesamlar, ho var målkvinne, fjellvandrar, og ikkje minst, ho grunnla og dreiv ein av dei fremste privatskulane i landet.
"Pigeinstituttet" var i drift frå 1871 til 1907 og var ein skule for jenter frå ressurssterke familiar over heile landet. Mellom anna gjekk ei av døtrene og tre sonedøtre til Bjørnstjerne Bjørnson på skulen, og Nikka Vonen hadde omfattande brevveksling med både Bjørnson og ei rad andre kjende kulturpersonar i samtida. "Det er ikkje mange sunnfjordingar som har vorte så namnfræge som Frøken Nikka Vonen", skreiv Ragnvald Fagerheim om Nikka Vonen på 96-årsdagen hennar.
Denne boka er den første biografien om denne vidgjetne og viktige kulturpersonen frå Fjaler. Forfattaren har fått tilgang til brev og andre kjelder som tidlegare ikkje har vore granska. Boka inneheld også eit breitt utval tekstar etter Nikka Vonen, også tidlegare upublisert materiale. Boka er rikt illustrert.
Førpris: kr 348,-
Utgitt 2010
288 sider, innbunden
«Nikka Vonen» er på lager
Pris: kr. 98,-
ISBN:
Legg i handlekurv
- Han vil byte ut den norske løva med ein fjordhest.
- Han meiner ein økologisk livsstil er vel så viktig som korleis maten er dyrka.
- Han får bønder og byrå[..]
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no