E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
10.05.2013

Maitilbod - berre på nett

Kjøp Fjordamat på www.selja.no og få 20% rabatt!
Les heile saka »

02.04.2013

Fjellskikkprisen 2013

Vi gratulerer Christer Lundberg Nes, forfattar av "SKIKOMPIS. Snøskred og trygg ferdsel" med Fjellskikkprisen 2013.
Les heile saka »

01.03.2013

Florø eller Flora?

Ei stund vart det faktisk skrive Floren! Dette kan du lese meir om på side 110-111 i første bind i allmennsoga om Flora.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Båtar med sjel I

78 fiske- og fraktebåtar frå Vestlandet

Nytt og revidert opplag av "Båtar med sjel." Her finn du båtar frå heile Vestlandet, frå Rogaland til Nordmøre, med eit tyngdepunkt i kystbyen Florø.

Det seiest at skal ein skrive lokal kysthistorie, må ein starte med historia om båtane til kystfolket. Kanskje det, for gamle båthistorier fortel om ei tid og eit levesett som berre er nokre ti-år borte, men likevel er så fjernt frå våre dagars overflodssamfunn at ein stundom må lure på om utviklinga har gått litt for fort.

Denne boka handlar om 78 slike gamle båtar frå Vestlandet, båtar som forfedra våre bestemt hevda var mykje meir enn berre eit tomt skal. Båtane var akkurat som mennesket: dei hadde sjel.

Her finn du historia om seglskuter, dampbåtar og motorbåtar, frå ”Havsulen”, bygd før 1860, til ”Frøyabuen” bygd i 1958. Her er fiskebåtar og fraktebåtar, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Det båtane har til felles er at alle har høyrt heime på Vestlandet, frå Rogaland til Nordmøre, med eit tyngdepunkt i kystbyen Florø.

”Båtar med sjel” inneheld:

- omtale av kvar einskild båt og dei som har arbeidd ombord

- skildringar av livet ombord, kvardagsliv og dramatiske hendingar

- grundige faktaopplysningar om kvar båt

- eit eineståande biletmateriale med over 150 gamle foto

Nytt og revidert opplag

Malvin Toft (f. 1934) er fiskarbonde og skribent, fødd, oppvaksen og busett på Skorpa, ei øy i havgapet vest for Florø. Han har skrive tre bøker i serien "Båtar med sjel", dessutan "Havet tok", "Sildeeventyret" og "Krigsseglarar".

 

Utgitt 2010
192 sider, innbunden


«Båtar med sjel I» er utseld
ISBN:

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Kyst:

M/S Atløy

DETTE er boka om "M/S Atløy", ein av dei flottaste veteranbåtane i landet. "Atløy"er bygd i Bergen i 1931 og gjorde i over 40 år båten teneste i Fylkesbaatane i[..]
Les meir

Fyrbyggeren

Elling Ulvestad (1890-1978) fra Syvde på Sunnmøre var i 45 år fyrarbeider, fyrformann og oppsynsmann i Fyrvesenet.
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no