E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
11.06.2010

Smakfullt bokslepp på Selja Forlag

Selja Forlag møtte sommaren med smakfullt bokslepp og hageselskap i Jølster midt i juni. Koke- og kakebokforfattar Kari Støfringsdal inviterte gjestene til kaffe, kaker og heimelaga saft i Fjordamattunet då forlaget presenterte tre nye bøker: "Mat i det fri", "Båtar med sjel I" og "Ta kaka".
Les heile saka »

09.06.2010

Stor interesse for lokale bøker

At interessa for lokale bøker framleis er stor fekk vi stadfesta på Fylkesmessa i Flora siste helga i mai.
Les heile saka »

28.05.2010

Selja Forlag på Fylkesmessa

Selja Forlag har stand på Fylkesmessa i Florø i helga 28. til 30. mai.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Årboka for Sogn og Fjordane 2009

Hugsar du kva som hende i 2009?

Årboka for Sogn og Fjordane 2009 speglar store og små hendingar i fylket for 17. gong. Heilt sidan 1993 har årboka tatt lesaren med på ei rundreise i alle dei 26 kommunane med vekt på dei gode historiene og dei gode bileta.

I 2009 fekk Nordfjordeid nytt operabygg, og på Åmot gard i Gaular fekk dei besøk av ei av dei største operastjernene i verda, Kiri te Kanawa. Kong Harald kom til Kjøsnesfjorden for å opne rassikringstunnelen, medan eit ras i Årdal nær smadra eit bustadhus. Høyanger opplevde ein dramatisk brann og at bilfelgfabrikken Fundo gjekk konkurs. På Breim vart den store 4H-leiren avlyst på grunn av svineinfluensa.

Stortingsvalet gjorde at Høgre igjen fekk plass på Sogn og Fjordanebenken. Heidi Grande Røys måtte takke for seg i regjeringa, medan Liv Signe Navarsete vart kommunalminister. For Sogndal glapp opprykket til eliteserien, men på tampen av året fekk heile fire utøvarar frå Sogn og Fjordane billett til vinter-OL i Vancouver.

Årboka 2009 er på heile 272 sider, og inneheld også ein fyldig faktadel på nær 60 sider, der det viktigaste av sporten er med. Nytt av året er eit tilbakeblikk på sportsåret for 25 år sidan, 1984. Registeret bak i boka med 1200 namn gjer det lett å finne fram i årboka 2009. God lesnad!

Redaktør for boka er Torbjørn Rørvik (f. 1959). han bur på Kaupanger i Sogndal og har tidlegare vore journalist og redaktør.

 

Utgitt 2010
272 sider, innbunden


«Årboka for Sogn og Fjordane 2009» er på lager
Pris: kr. 398,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Årboka for Sogn og Fjordane:

Årboka 1998

Hugsar du kva som hende i 1998?
Les meir

Årboka 1999

Hugsar du kva som hende i 1999?
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no