E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
03.02.2012

Kjempetilbod: 17 Årbøker for kr 995,-

Bli abonnent på Årboka for Sogn og Fjordane og få velkomstpakke på 17 Årbøker for berre kr 995,-
Les heile saka »

31.01.2012

Beklager

Tekniske feil gjer at det ikkje er mogeleg å handle i nettbutikken.
Les heile saka »

17.01.2012

Mammut 2012

Norges største og mest kjende boksal, Mammut er i år frå 27. februar til 10. mars. Selja Forlag tilbyr desse titlane:
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Klare sjøl

Kokkar små med kopp og skei

5. opplag av den populære kokeboka for barn er no i sal! Denne gongen også med engelsk ordliste.

"Det var ein gong ein barnehage som var så frykteleg oppteken av mat. Dei sådde og dei plukka, dei planta og dei hausta, og rett som det var baud dei inn til gjestebod med dei mest velsmakande heimelaga rettar som folk knapt kunne hugse dei hadde smakt." Dette er starten på eventyret om små og store i Hornindal barnehage i Nordfjord, som i denne boka inviterer oss til å lage mat både ute og inne. Eit variert utval av oppskrifter til høgtid og kvardag som er tilpassa barn. Nokre matrettar må lagast ilag med vaksne, og dei yngste treng nok litt hjelp, men etter kvart vil dei klare det meste sjølve. Så har du råvarer, ein kopp, ei stor og ei lita skei; lagar du din eigen mat på 1-2-3. Hugs at "øving gjer meister", og maten du lagar sjølv smakar KJEMPEGODT!!! Kanskje er det lettare å få dei vaksne med på å lage mat enn å leike?

KLARE SJØL passar for barn i alder 3-12 år. Boka følgjer årstidene og inneheld kring 100 oppskrifter, der måla er oppgitt i kopp og skei. Eit ark med symbol for dei mest nytta matvarene gjer "lesinga" og matlaginga til ein meiningfull og spennande aktivitet.

 

Utgitt 2009
122 sider, spiralinnbinding


«Klare sjøl» er på lager
Pris: kr. 248,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Mat:

Fjordamat

Vil du gjerne lage tradisjonsrike matrettar og bruke gode, lokale råvarer? Vil du helst lage maten frå grunnen av, og vite kva han er laga av? Og vil du at mata[..]
Les meir

Ta kaka

Frå hellebakst til kunstferdige konditorkaker. Frå julekaker til lekre dessertar. Rikhaldige kakebord er tradisjon når noko skal feirast på Vestlandet.
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no