Selja Forlag møtte sommaren med smakfullt bokslepp og hageselskap i Jølster midt i juni. Koke- og kakebokforfattar Kari Støfringsdal inviterte gjestene til kaffe, kaker og heimelaga saft i Fjordamattunet då forlaget presenterte tre nye bøker: "Mat i det fri", "Båtar med sjel I" og "Ta kaka".
Les heile saka »
At interessa for lokale bøker framleis er stor fekk vi stadfesta på Fylkesmessa i Flora siste helga i mai.
Les heile saka »
Selja Forlag har stand på Fylkesmessa i Florø i helga 28. til 30. mai.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Eit kjekt gjensyn med trauste slitarar frå Stavanger i sør til Kristiansund i nord.
Anna, Laila og Maria. Førde, Værland og Borgarøy. Eller meir eksotiske namn som Ceylon, Onyx og Shamrock. Alle har det til felles at det er båtnamn, namn på trauste slitarar som har baska seg fram i all slags vêr oppetter eller nedetter norskekysten, eller ut på dei store hav, i jakta på dei gode fangstane.
Denne boka er nummer tre i serien. "Båtar med sjel" (2002) og "Båtar med sjel II" (2007) fortalde om til saman 145 båtar frå Sogn og Fjordane. Her kjem 71 til, denne gongen frå heile Vestlandskysten, frå Stavanger til Kristiansund. Den eldste båten vart bygd i 1885, den nyaste over hundre år seinare. Dei fleste båtane ligg no på havets botn, men kring ti av båtane finst enno, mellom dei fleire "veteranbåtar".
Forfattarar er Hans H. Steinsund, Malvin Toft, Johan Ottesen, Magnus H. Torvanger, Øystein Sandøy, Per Kåre Nybakk, Harald Leite og Kjell Askeland.
Utgitt 2009
216 sider, innbunden
«Båtar med sjel III» er på lager
Pris: kr. 348,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Fleirtalet på Stortinget har ikkje bruk for fyrfolk lenger, 350 år etter
det første norske fyret. Nokre meiner det er feil. Andre synest det er greitt.
Les meir
Nytt og revidert opplag av "Båtar med sjel." Her finn du båtar frå heile Vestlandet, frå Rogaland til Nordmøre, med eit tyngdepunkt i kystbyen Florø.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no