E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
03.02.2012

Kjempetilbod: 17 Årbøker for kr 995,-

Bli abonnent på Årboka for Sogn og Fjordane og få velkomstpakke på 17 Årbøker for berre kr 995,-
Les heile saka »

31.01.2012

Beklager

Tekniske feil gjer at det ikkje er mogeleg å handle i nettbutikken.
Les heile saka »

17.01.2012

Mammut 2012

Norges største og mest kjende boksal, Mammut er i år frå 27. februar til 10. mars. Selja Forlag tilbyr desse titlane:
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Amerikabrev 1880-1950

Livssoga til to brør frå Romsdal

Gjennom to hundre brev får vi kjennskap til liva til to brør: Knut, som arbeidde som småbrukar, fiskar og skomakar heime i Romsdal, og Lars, som vart ein vellukka farmar i Sør-Dakota.

«Ein vinterdag i 1929 sit den vel 84-årige Lars Stavig på loftsrommet sitt i byen Sisseton heilt nordaust i staten Sør-Dakota og skriv brev heim til bror sin i Fræna i Romsdal. ... Han er heldig som har mange i den næraste familien rundt seg, men etter 53 år i Amerika lengtar han framleis attende til heimbygda. Alt tyder på at han ikkje har lært seg engelsk på alle desse åra, og han kjenner seg gammal og einsam.»

Slik opnar boka om to brør frå Fræna i Romsdal, Lars Stavig (1844-1933) og Knut Stavik (1851-1950), som gjennom nesten 70 år skreiv brev til kvarandre over havet, men aldri møttest igjen etter at Lars utvandra i 1876. Knut sat heime som småbrukar, fiskar og skomakar, medan Lars vart ein vellukka farmar i Sør-Dakota. Han og borna realiserte den amerikanske draumen om med to tomme hender å arbeide seg fram til stor velstand.

Utvandringa til USA på 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet er eit viktig kapittel i historia vår. Denne boka byggjer på ei forvitneleg samling på om lag 200 brev, og gjev oss førstehands kjennskap til korleis den vanlege mannen både i USA og her heime opplevde livssituasjonen sin, både når det gjeld familie, arbeid og økonomi, men ikkje minst også sakn og leng både dei som reiste og dei som var igjen kjende så sterkt på.

 

Utgitt 2009
192 sider, innbunden


«Amerikabrev 1880-1950» er på lager
Pris: kr. 368,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Historie etter 1850:

Fattigfolk

Dette er ei bok om utgrupper i bygd og by på Vestlandet gjennom 250 år, om dei som ikkje kunne eller ikkje ville syte for seg sjølve.
Les meir

Gamle Selje

Eit utval tekstar med lokalhistorisk stoff frå Selje. Her er kloster og kyrkje, song og dans, rim og reglar, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir.
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no