Kjøp Fjordamat på www.selja.no og få 20% rabatt!
Les heile saka »
Vi gratulerer Christer Lundberg Nes, forfattar av "SKIKOMPIS. Snøskred og trygg ferdsel" med Fjellskikkprisen 2013.
Les heile saka »
Ei stund vart det faktisk skrive Floren! Dette kan du lese meir om på side 110-111 i første bind i allmennsoga om Flora.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 31. juli 2012
kl. 15:17:44 av Anne Britt Fedøy
”Fotturistane sitt svar på NAF si vegbok,” kalla Hardanger Folkeblad ”Opptur Hordaland” då den kom.
No er det komme ut 5 bøker i serien, som til saman inneheld 849 turskildringar frå mange av dei finaste turområda i landet.
Ved utgangen av juli kan Selja forlag notere totalt 50 096 fakturerte bøker i OPPTUR-serien. I tillegg har også Bergen Turlag (Opptur Hordaland), Verdsarv Geirangerfjorden (Opptur Geirangerfjorden) og Verdsarv Nærøyfjorden (Opptur Nærøyfjorden) selt fleire tusen.
- Vi sel bøkene over heile landet. Nynorsk er inga hindring når bøkene er gode nok, fastslår Anne Britt Fedøy, sals- og marknadsansvarleg i Selja Forlag AS.
Den førebels siste boka, Opptur Nærøyfjorden, kom før jul i 2011. Tidlegare bøker er Opptur Sogn og Fjordane (2005), Opptur Hordaland (2007), Opptur Geirangerfjorden (norsk/engelsk 2009) og Opptur Jotunheimen (både norsk og engelsk utgåve 2009).
Dei populære OPPTUR-bøkene inneheld fyldige turtekstar og flyfotograferte turar med detaljomtale og kart. Her finn du alt frå tilrettelagde turar til turar i urørt natur. Bøkene passar både for nybegynnarar og vidarekomne. Alle rutene er teikna inn på flyfoto, og kvar tur har i tillegg til detaljomtale ein faktaboks som viser startpunkt, estimert tid på turen, høgdemeter, lengde, vanskegrad (frå 1-5 støvlar) og forslag til kart.
- Samla inneheld bøkene 849 turskildringar i kremen av norsk natur, opplyser Fedøy.
Finn Loftesnes har vore hovudfotograf i alle bøkene, samt forfattar på både Opptur Jotunheimen og Opptur Nærøyfjorden. Den siste saman med Tom Dybwad. Han er stolt over å ha vore med på suksessen, og fortel at det ligg mykje hardt arbeid bak.
- Det har vore mange flotte turar, eg har sikkert gått over 200 av dei sjølv, men det har også vore mykje venting og studering av vêrmeldingar, for å få teke flyfoto. To gonger har vi måtte utsett utgjevinga eit heilt år på grunn av dårleg vêr, men bileta må vere perfekte, ler han.
Pressemelding 31.07.2012
Les kva Firda skriv om passeringa av 50 000 selde OPPTUR-bøker her
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no