Kjøp Fjordamat på www.selja.no og få 20% rabatt!
Les heile saka »
Vi gratulerer Christer Lundberg Nes, forfattar av "SKIKOMPIS. Snøskred og trygg ferdsel" med Fjellskikkprisen 2013.
Les heile saka »
Ei stund vart det faktisk skrive Floren! Dette kan du lese meir om på side 110-111 i første bind i allmennsoga om Flora.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 20. juni 2012
kl. 10:02:11 av Anne Britt Fedøy
Hans Sande er ein kreativ fyr. Ikkje berre skriv han bøker, men han er også treskjærar og skulptør.
Jonsok-laurdag kombinerer han kunstformene sine når han både opnar utstilling og har bokslepp. Det skjer i Doktorgarden i Selje, der boka "Idag såg eg to spadar" vert sleppt i eit lokale fullt av underlege spadar.
- Eg har laga ei skjønlitterær kunstbok, med tekstar og fotografi av skulpturane mine i tre og jarn. Inspirasjon hentar eg mellom anna frå Olav H. Hauge sine tingdikt om ljåen og saga. Eg prøver å gje liv til gamle og rustne slitarar av alle slag, seier Sande.
Hans Sande, som til dagleg bur i Førde, er psykiater, bildekunstnar og svært produktiv forfattar med over femti boktitlar bak seg. No har han lagt alle talenta sine saman og skapt ei kunstbok utanom det vanlege. Det er blitt ei forunderleg verd av skulpturar og dikt, jarn og tre, draum og slit. Ole Fretheim har fotografert denne samlinga av merkelege skapningar. Til kvar skulptur er det eit dikt eller ein prosatekst som fortel om det livet reiskapane har levd, eller om den draumen dei ber på.
Då eg vakna
var verda omsnudd
Spadar og grev sprang omkring
som spretne gudar
og eg låg med mold i munnen
Den nye boka kjem ut på Selja Forlag, og vert sleppt samstundes med at sommarutstillinga opnar i Galleri Salen i Doktorgarden. I Galleriet er det også målarkunst av Finn Egil Eide, Iren Kleiven, Ola Une Ferstad Liland, Hanne Bringager, Eva Malmstrøm, Øivind Jorfald og glaskunst av Branka Lugonja. Doktorgarden og utstillingane er open kvar dag heile sommaren.
Bilettekst: Gladspade
Pressemelding 19.06.12
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no