E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
30.03.2012

God påske!

Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »

21.03.2012

Året då kvinnene tok makta

Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »

02.03.2012

Fjordamat i nytt opplag

Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Den svarte audien

Skriven av Hermann Starheimsæter

- GUTANE på Øyra sat der, dei. Fem gutar på fem syklar. Alle sat på same måten. Venstre fot i bakken, høgre fot på høgre pedal. Eg stod i midten. Eg hadde ikkje sykkel, men ei gul notisbok og ein penn. Alle såg på meg. Ingen sa noko.

ASLAK, som vi kjenner frå fjorårets bok av same forfattar, - Bang! sa Big, er i trøbbel igjen. Gutane på Øyra er etter han. Sjølv trur han at grunnen må vera at han ikkje har nokon far til å forsvara seg.

Heldigvis dukkar den litt spesielle venen hans, som kallar seg Big, opp då han trengst som mest. Saman med han og systra Anna, som er både sur og søt, greier Aslak etter kvart å ta opp kampen mot dei farlege gutane på Øyra, som for eksempel brenner folk på bål. Og kanskje er han på sporet etter far sin også…

I ALLE fall har det dukka opp ein mystisk svart Audi i nabolaget, og denne vert ein viktig brikke i den spanande handlinga.

Illustrert med ca 40 teikningar, laga ev elevane i 6. klasse ved Ljøsne skule i Lærdal.

 

Utgitt 2000
112 sider, innbunden


«Den svarte audien» er på lager
Pris: kr. 50,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Barn/ungdom:

Gå sjøl

Her får du 94 forslag til familieturar i heile Sunnfjord, både til fots, på sykkel, med ski og akebrett .
Les meir

Månen er så liten som ein katt

I boka fortel 39 born om liva sine, og tankar om verda rundt seg. Den yngste er fire år gammal, den eldste er tolv, og alle kjem frå Sogn og Fjordane.
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no